Martha Linnea Pukallus: 22, halvt australsk og oppvakse i Førde, gamle Sogn og Fjordane, Vestlandet. Foto: privat

Martha Linnea Pukallus har alltid vore glad i å lese bøker, og oppleve at dei tar deg med inn i eit anna univers.

— Les du mykje, gjer det noke med deg som skribent og historieforteljar. Ein klarer kanskje meir intuitivt å sjå korleis ein god tekst ser ut, forklarar Martha.

Ho hugsar tilbake til forskjellige «zines» (heimesnekra magasin) ho laga då ho var yngre. Og gjennom skulen og innleveringar ho måtte gjere, blomstra ein kjærleik for å skrive.

Alltid vore på radaren

Som ung tenåring synest Martha at Førde-dialekta og nynorsk var skikkeleg ukult. Men då ho på vidaregåande fekk vere med i lokalavisa sin nystarta ungdomsredaksjon byrja ho endeleg å bli overbevist.

— Sjølvsagt skal eg skrive på nynorsk. Eg har hatt augeblikk kor eg berre tenkte; fy Faen, nynorsk er ganske kult eigentleg, seier ho og flirar.

I år kunne Martha annonsere at ho fekk praktikantstilling som journalist på NRK Nynorsk mediesenter.

— Det har eigentleg alltid vore på radaren etter at eg var på omvising der på vidaregåande, fortel Martha.

Praktikantstillinga har gitt ho ein intensiv innføring i alle NRK sine format, som radio, TV, nettartiklar og Snapchat.

— Eg er stort sett sjølvlært som fotograf, videoprodusent og skribent, men det å få sitje i ein redaksjon med så dyktige folk er så sjukt lærerikt, seier Martha.

Varierte arbeidsdager

Ho beskriv journalistkvardagen som veldig variert.

— Eg hiv meg på sykkelen litt før åtte, valsar inn døra og gjer meg klar for dagen. Så har vi morgonmøte på Teams kor vi planlegg kva vi skal gjere den dagen. Etter dette møtet er den «faste» arbeidsdagen over, og eg anar ikkje kva som kan skje vidare, fortel Martha.

Ho trekk fram ein dag då ho blei spurt om å reise til Sogndal tre timar unna på ein sak ho ikkje kunne noko om.

— Da må ein prøve å tenke kreativt, og dette er noko som oss unge praktikantar kan bidra med sjølv i ein så god redaksjon. Vi ser på ting med eit litt nyare blikk, seier Martha mens ho tar ein slurk av teen sin.

— Det går også veldig mykje kaffi og te, seier ho med eit smil.

Lidenskapen er å fortelje historier

UKM skulle ende opp å vere ein anna viktig arena for den unge vestlendingen, og ho har vorte ein ikkje-ukjend figur i UKM-miljøet.

Introduksjonen til UKM var heilt tilfeldig. Medieklassen hennar vart spurt om å dekke UKM, og Martha og ei anna vart sendt vidare til landsfestivalen.

— Eg huskar eg tenkte; kult, ein slags gratis miniferie, seier Martha.

Det viste seg å vere ein veldig sosial stad å bli kjend med andre fine og flinke kreative sjeler.

— UKM har vore perfekt for å oppdage og utvikle forskjellige interesser. Det er utruleg digg å ha eit trygt læringsmiljø der du både får tilbakemeldingar og moglegheit til å sjå det du har laga bli publisert.

Ho elsker når ho går inn i ei kreativ boble, for eksempel ved å sette på musikk og danse rundt på rommet mens teksten vert til.

— Andre unge går på klubben, mens eg skriv personleg essay for UKM med ABBA i bakgrunnen, spøker Martha og himler med auga.

For Martha ligg lidenskapen bak skrivinga i å fortelje historier, og spesielt og det å kunne jobbe med fine menneske. På spørsmål om kven ho ville intervjua om ho kunne velje kven som helst, kikar ho opp på veggen full av plakatar og bilete.

— Hmm… Det der er faktisk det vanskeligste spørsmålet, sjølv om det berre er hypotetisk. Men… eg går for Cher og Duff McKagan, konkluderer ho, håpefullt.

Les mer