Av, med, og for ungdom

Til sommaren skal rundt 550 ungdomar samlast i Trondheim for å delta på årets UKM festival.

 Mykje skal ordnast før ein kan ta i mot både deltakarar og publikum, og det ligg mykje hardt arbeid bak eit slik arrangement. Difor samla blant anna både Ungdomens ressursgruppe (URG), Unge Arrangørar (UA) og Veteran Arrangørar (VA) seg denne helge for å planlegge og diskutere korleis ein skal sette samen årets UKM festivalen.

 

Både UA og VA deltok aktivt i planlegginga for å løyse utfordringane og oppgåvene slik som planlagt. Under ei omvising på Samfundet i Trondheim, tok vi tak i to jente frå UA som nett fikk utdelt sine arbeidsoppgåver.

–          Unge Arrangørar er jo ”av, med, og for ungdom”, så dette er jo en del av UKM der vi får være med på å arrangere, seier Anna Bødtker.

–          UA er jo eit eige prosjekt av UKM, som i hovudsak er med for å involvere ungdom meir i produksjonen. Eg ble jo eigentlig spurt om eg ville være med å arrangere kunst for rundt fem år sida, og etter det har eg berre hengt meg på vidare, fortel Frida Fredriksen.

Alle i UA har blitt inndelt i fire forskjellege grupper. Du har dei som jobbar med det tekniske, HMS ansvarlige, produksjon og artist-handtering. Frida er på artist-handtering, medan Anna er på produksjon.

–          Det vi gjer no denne helgen er å sjå på dei forskjellege scenene vi skal bruke og planlegge kvar vi skal gjennomføre dei forskjelleg konsertane. Vi må også sette opp en plan for kvar artistane skal opptre, forklarar Frida.

–          Vi som jobbar i produksjon gjer jo mykje av arbeidet no i forkant, og sørgjer for at ting går greitt og som planlagt etter det program som vi sett opp, seier Anna.

Dei som er Unge Arrangørar er dei som er med på å sette opp heile festivalen, og utan deira innsats er det vanskeleg å få ting til å gå rundt fordi det trengs ein god del folk for å klare å sette saman alt. Dei forklarar at sidan dei er ungdomar, er det også enklare for dei å få kontakt med andre ungdomar. Det ligg mykje arbeid i det å vere med i UA og ein blir fort sliten, men dei synes det er så kjekt å vere med at det er absolutt verdt det.

Frida Fredriksen og Anna Bødtker. Foto // Tanja Emilie Åmo

Frida Fredriksen og Anna Bødtker.
Foto // Tanja Emilie Åmo

–          Dette er ein helt unik måte å vere sosial på. Eg er med først og fremt fordi det er så utruleg kjekt. Ein får møte så mange andre mennesker og får erfaringar som ein kan ta med seg vidare i livet, seier Anna.

–          Vidare skal vi berre jobbe med å få festivalen til å sjå best og flottast ut, slik at flest mulig folk kjem å ser på alle som skal opptre og den flotte kunstutstillinga.

Det er ikkje berre enkelt å jobbe so Ung Arrangør, og difor blir det satt ekstra pris på når dei får hjelp frå andre meir erfarne personar som har jobba med UKM før.

–          Vi får jo mange peikepinnar frå dei andre, men på den måten at vi kan jobbe på en bra og sjølvstendig måte. De prøver jo å lære oss opp og gi oss erfaring som vi kan bruke vidare, fortel dei.

 

 

 

Rolf-Jonas Ringen Kristiansen er ein av dei som er med som VA og mentor for UA i år.

–          Dei som er Veteran Arrangørar i år er valt ut fordi dei gjorde ein svært bra innsats i fjor. Vår oppgåve her er å hjelpe dei som er Unge Arrangørar i år, forklarar Rolf-Jonas.

Rolf-Jonas Ringen Kristiansen Foto // Tanja Emilie Åmo

Rolf-Jonas Ringen Kristiansen
Foto // Tanja Emilie Åmo

Han har jobba med UKM i snart fire år innan dei aller fleste kategoriane og seier at det beste med å vere veteran arrangør i UKM er at han starta med litt kunnskap innan eit emne, men fort fekk opplæring i noko anna og fekk fleire kunnskapar om både det han kunne frå før, men også noko heilt nytt.

–          Denne helga skal eg vere med å planlegge heile festivalen saman med UA, og også vere med å sette saman alle innslaga på bi-scenene slik at vi får eit brukande program som skal gå greitt å forholda seg til.

Han fortel også at alle som er med i enten det skulle vere URG, UA eller VA, er engasjerte ungdomar.
–          Det er ikkje berre når vi er her at vi arbeider. Vi arbeider også veldig hard heime på eit lokalt nivå for å få ungdom engasjert i UKM og få fleire til å melde seg på. Vi har ikkje fått jobba så veldig mye enda, men det vi i VA har sett av Unge Arrangørar til no tydar på at det blir ein heilt fantastisk gjeng å jobbe saman med. Så vårt mål til no er å berre å gjennomføre festivalen på aller best måte slik at det blir den beste festivalen så langt.