Scroll tilbake til festivalstemning!

Vi har henta fram dei beste augeblikka frå #javielskerukm-taggen!

UKM-festival er gøy, men kan du eigentleg seie at du var der dersom du ikkje kan vise til bildene på instagram? Ikkje ifølge #javielskerukm-taggen. Vi har scrolla oss tilbake for ein dose festivalstemning!

For dei aller fleste startar festivalen med ein lengre tur i buss eller fly. Populære reiseaktivitetar inkluderer:

1) Ta pausebilde av gjengen. Helst tatt på ein bussholdeplass i Ingenmannsland, Norge.

2) Bli kjent med naboen din. Ta selfie for å validere det nye vennskapet.

3) Ete litt for mykje salt snacks slik at du vert tørst, slik at du drikk litt for mykje brus, slik at du må gå på do i køyretøy i bevegelse.

4) Dersom du sjølvinnsikt nok til å vite at det vert lite søvn dei neste dagane kan du alltids lene deg tilbake of lukke auga.

Expectations VS reality. I løpet av kor-øvinga på bussen har du truleg innsett at ikkje alle vert sendt til festivalen fordi dei syng fint og reint. Nokon har andre talent, som for eksempel å snike seg fram i matkøa (og å få den til å sjå driiitkul ut)!

Dette er før-bildet. Min empiriske forskning fortel meg at det vert konsumert eit halvt tonn sukker i løpet av festivalveka.

Det er ein kjent sak at det er sosialt og gøy på festivalen. Håper det også er tilfellet for karen til høgre, og at han ikkje heller prøver å komme seg vekk så fort som mulig.

UKMere er kjendt for å være ein gavmild og snill gjeng. Her ser vi ein svane og ein… gifl? giflar? gifle?

UKM blend fekk testa ut konsistensen på asfalten i Sandnes. Meget stabilt underlag, 7/10 😀

Repping the mørch <3

Intimsone, kva er det? Overnatting i varm/kald gymsal høyres ut som eit elendig premiss, men når naboen din bryt ut i nattasang vert det brått veldig koselig (berre husk å ta med eit greit liggeunderlag. Og øyreproppar, for sikkerheits skuld.)

For å understreke poenget mitt: dette er ein koselig gjeng! Totalt uavhengig av antall timar søvn.

Vestlandet er berykta for skiftande vær. Då er det fint å være forberedt på alle moglege utfall, slik at du har noko å støtte deg på.

Og av og til er det så spennande at ein gløymer av det ein eigentleg skulle gjere.

Men sjølv dei mest velutrusta UKMere må innrømme at det er slitsomt å ha det gøy over lengre tid.

Det er alltid trist å forlate nye venner og dra tilbake til kvardagen. Men før du veit ordet av det eit nytt UKM-år med nye lokalmønstringer og nye fotomoglegheitar!