Den tradisjonelle kunsten
Når du lukkar datamaskina er kunstverket ditt plutselig vekk, men eit måleri vil framleis ligge på pulten din når du er ferdig.
Tekst: Marte Emilsen
Foto: Steffen Heggen Starheim
Laurdag kl. 14 opna kunstutstillinga under årets UKM-festival i Sogn og Fjordane. I utstillinga er det 53 kunstverk, laga av 46 ungdommar. Sjølv om all kunsten ser ulik ut, og har sitt eige unike uttrykk, er det noko nesten alle har felles; det er tradisjonell kunst, laga for hand. Det er maling, kol, leire og tekstil. Det er taktilt og ekte.
Teknologien er komen langt, og nesten alle eig ei datamaskin og eit kamera, enten det er mobil eller speilrefleks. «Alle» er på instagram. Der finns tusenvis av program ein kan redigere og lage bilete i. Kvifor held då dei fleste seg til den tradisjonelle kunsten?
Jenny (18), Thale (18) og Ingrid (17) lagar alle det vi vil kalle tradisjonell kunst. Dei har mange tankar om kvifor dei velg papir og leire, framfor skjerm.
– Fyst og fremst, er jo det det mest vanlege mediumet, og det fell heilt naturleg å bruke dette.
Ingrid stiller sjølv ut eit akvarell-måleri.
– Eg kan gjerne bruke photoshop og andre program i prosessen, men eg laga ikkje det ferdige produktet på ein skjerm. Datamaskina gjer mykje av jobben for deg, og du mistar ein del av ditt uttrykk. Du har mykje beitre kontroll over kunsten når du jobbar med henda, og det du lagar følast nærmare.
Ho meiner vi kan snakke mykje om korleis du vil tolke begrepet kunst, og kor mange medium du vil inkludere. Kva er kunst, og kva er ikkje, egentlig?
Kunsten følast nesten som ein nerveimpuls frå hovudet til handa.
– Med datamaskina skjer det alltid eit eller anna, og det kjem veldig ofte eit problem i programvara når ein jobba. Det skjer jo ikkje med papir! Å kunne jobbe fysisk med kunst er kreativt frigjerande, og den beste måten å uttrykkje seg på.
Jenny er enig i det Ingrid beskriv og følge opp det Ingrid seier.
– Det digitale krev ein ekstra innsats. Du må læra deg programvara før du kan begynna å jobbe. På eit ark går alt heilt av seg sjølv.
Thale stiller i år ut «Lomme-venar», som er figurar i stein. Ho lika å heile tida prøve nye materialar og teknikkar når ho jobba med kunst. Til dømes slipe stein, blåse glass eller jobbe med ståltråd. Til bursdagen hennar ønska ho seg faktisk eit bor i gave, noko ho fekk.
– Eg likar å kunne føle materialane eg jobbar med. Det er også veldig mange spennande prosessar ein kan gå igjennom, det er veldig variert.
Medan dessa jentene og mange andre likar å lage kunst med hendene, har Marius (18) gått for ein litt anna teknikk når han har jobba med sin kunst.
– Eg er veldig glad i matte. Eg hadde ikkje så veldig mykje å gjere i ein skuletime ein gang, og leika meg i graf-teikne-programmet Geogebra, som vi nyttar på skulen. Då ba sidemannen meg om å trykke på «animer» , og det var jo nesten kunst!
Marius fortel vidare at han ikkje akkurat vil identifisere seg sjølv som ein kunstnar, men at han likar det visuelle i matte.
– Eg klarar ikkje å være kreativ, og eg likar ikkje avgrensingar. Då eg laga kunsten i Geogebra makta eg å bryte nokon av avgrensingane i programmet. Det er noko eg likar å gjere.
– Dei digitale hjelpemidla kan gjere at dei som kan mykje om andre ting, også kan laga kunst, legg Ingrid til.
Når ja/nei-spørsmålet vert stilt, er svaret heilt klart fra alle fire – Folk kan få gjere nett kva dei vil!