Vaffel er også kultur

Kultur kan definerast som så mangt, men vi har dykka ned i den kulinariske kulturen som oppstår når fleire hundre ungdommar skal haldast mette på fylkesfestival.

“Uten mat og drikke duger helten ikkje” er eit fint og tradisjonelt ordtak. Eit anna fint og tradisjonelt ord er “fylkesmønstring”: ei brei mønstring av samtidskunst, ifølge ordboka. Eller ifølge UKM-ordboka: den helga då eit par hundre ungdommar med relativ lik dialekt samlas rundt eit kulturhus for å vise fram ung kultur og bli venn med andre med relativt lik dialekt.

Kultur kan definerast som så mangt, men i dag har underteikna dykka ned i den kulinariske kulturen som oppstår når fleire hundre ungdommar skal bli mette. Som ordtaket slår fast, er det viktig å ha mykje energi i kroppen når du skal sanke nye venner til facebooken.

 

Trigger-advarsel: denne artikkelen inneheld gluten, metta feitt, kjøtt og sukker. Og vafler.

*Underteikna er fullt klar over at fylkesmønstringa i dag vert kalla “fylkesfestivalar”, men det klinger ikkje like bra i ein slik artikkel.

På frukostfatet til ein filipinsk utvelsingsstudent finn vi to pilarer i norsk kosthold: Vaffel med heimelaga syltetøy frå Coop. Og det som ikkje kan kallast “toast” eller “grilled cheese sandwich”, men ostesmørbrød. Tradisjonelt tilberedt med gårsdagens kneip, First-Price skinke, eit helsebringande lag ketchup og eit gul-gult lag med smelta gul ost. Viss du er heldig vert delikatessa til sist toppa med eit konservativt dryss av grillkrydder.

Jula varer heilt til påske, mens påska varer heilt til det er tomt for sjokoladekledd marsispan i tilbudskorga på matbutikken. Eit stort lager med sukkerholdige varer er nemlig viktig for å kultivere god kultur.

Kokkehodene i Troms har tydelig skjønt kva unge kreative sjeler vil ha, og kjøpt inn deretter.

Her ser vi den første vafla konsumert av underteikna. Den første av litt for mange. At media-rommet hadde sin eigen stabel med vaffler var ein hyggeleg overrasking, men innen dag to var tastaturet smurt i fett og ein kunne høyre meg erklære at eg ikkje skal ete vafler igjen på laaang tid!

Dersom du ikkje er interessert i grilla kylling med salat eller obskur gryterett med kjøtt, er det alltids lov å seie at du er allergisk. Då kan du nemlig ta deg ei glutenfri brødskive og forsyne deg av bordet med elegant draperte kjøttpålegg.

Ellers kan du sitere Ole Brum og seie “ja takk, litt av alt”.

Du veit du er barn av oljen når du har bestemt deg for at paprika ikkje er godt på omelett, så du plukker den ut med kirugisk presisjon og tenker at søppeldunken sikkert synes den smakar mykje betre enn det du synest.

Du veit også du er oljebarn du når du føler behov for å peike på andre sine livsvalg og preferanser og bestemme at det er feil.

Kor enn du går under eit UKM-arrangement skal du ikkje bli overraska over å nesten sette deg på eit UKM-drops eller finne ei halvtom skål med motiverande Twist.

Sjølv lurer eg på om det har blitt gjort ein adferdsstudie på samfunnsfenomenet “Twist-skål”. Kva seier det eigentleg om meg når eg vel banan, nougat eller den med nøtt inni som virker litt meir eksklusiv, og helst lar lakrisen ligge. At eg ikkje før nylig innsåg at den svarte Japp-sjokoladen som alltid ligger igjen faktisk er ganske god.

Det synest eg nokon bør forske på.

Og kva seier det om oss som generasjon når vi lar eplene og agurken ligge urørt, og heller gnafser i oss romtempererte og usunne plater med ferdig-vafler?

I grad av funksjonalitet er epler litt upraktiske, ettersom det er sølete å bite inn i eit heilt eple. Med tidlegare regulerte tenner ligg det dessuten eit stigma rundt å bite av store eplestykker av gangen, så det kan fort ta ein halvtime å ete det eine eplet. Til gjengjeld får du matpakke mellom tenna å kose deg med i timane framover.

Agurk er i alle fall ikkje enkelt å ete med fingrane, og viss du fyller opp eit fat trur alle at du er på diett.

Nei, med ei vafle er det berre å løfte den opp og ete i veg. Og når du er ferdig smører du fettet inn i hendene, akkurat som med handkrem.

Eg vil avslutte med å ønske alle som skal på fylkesfestival lykke til, og minner om at det er viktig å bruke solkrem og å få i seg nok væske. Spesielt vatn. Kanskje litt kaffi også viss du treng koffein, men ikkje drikk energidrikk. Det smaker berre sukker og søtstoff og koster masse penger.

 

Lykke til, kos dere/dokke/dykk/deke/dykkar!